Fjordsvømming = fjord + symjing + kajakkpadling
Er du ein kajakkpadlar? Ein fjordsymjar treng deg!
Under Sognefjord Challenge skal ein symjar og ein kajakkpadlar komme seg over Sognefjorden, kongen av fjordar. Dersom du er ein kompetent padlar og har lyst å vere med på spaning og moro på fjorden, meld deg frivillig som ein Sognefjord Challange kajakkbuddy!
Sognefjord Challenge er ein 3,7 kilometer lang fjordkryssing frå Borlaug på sørsida av Sognefjorden, over til Nokkaneset på Leikanger. Symjaren vil ha med seg ein dyktig kajakkpadler som vil navigere for symjaren over fjorden.
For tryggleiksgrunnar er maksimum deltagande par av symjarar og padlarar sett til 30.
Dersom symjaren kjenner seg sliten eller kald og ynskjer å trekke seg frå løpet, må symjaren gi uttrykk for det til padlaren. Kajakkpadlaren er då ansvarlig for å sei i frå til nærmaste fylgjebåt, som då vil plukke opp symjaren frå sjøen. Ein kajakkbuddy skal signalisere til tryggleikspersonellet i båtane, ved til dømes å bruke padleåra. Padlaren skal også gi symjaren ein redningsvest og holde ho/han rolig til fylgjebåten kjem. Dersom det er nødvendig bør symjaren holde seg fast i kajakken.
På same måte skal kajakkpadlaren signalisere til fylgjebåtane dersom han meiner at symjaren har problem. Symjaren må i det tilfelle respektere kajakkbuddyen og tryggleikpersonalets avgjering.
Over fjordkryssinga vil det vere minst ein fylgjebåt for kvar femte symjar. Personalet om bord på båtane vil vere ansvarlige for å plukke opp symjarar som trekker seg frå løpet. Skulle det oppstå ein kritisk situasjon er personalet på båtane ansvarlige for å foreta førstehjelp og sikre at symjaren vert frakta trygt til land.
Alle kajakkpadlarar må ha fullført et tryggleikskurs og kan egenredning. Alle kajakkar skal vere utstyrt med: ekstra redningsvest, pumpe, åreputer og tau.
Dersom du ynskjer å melde deg som kajakkpadlar i Sognefjord Challenge, send ein e-post til kayak@fjordswim.no.