Kva: 400m, kryssing av den flotte Esefjorden, for symjarar i alle aldrar
Stad: Esefjorden, Balestrand, Noreg
Kor tid: Søndag 9 august 2009
Registrering: kl. 09:00 - 10:30
Starttid: kl.12 for første gruppe, Kråkebolle (sjå nærare informasjon lenger nede på sida).
Klasser: Det er 7 aldersgrupper:
Tryggleik er vår høgaste prioritet, difor må alle deltakarar vere kompetente symjarar. Symjarane må ha på badebukse/badedrakt, symjehette (inngår i symjepakken / deltakaravgifta) og symjebriller. Det er tillate å bruke våtdrakt. Funksjonærar i kajakkar og eskortebåtar vil vere til stades på fjorden heile tida.
Sognefjord Swim Festival har ein ansvarsforsikring som arrangement, men alle deltakarar i Mini Challenge må sjølv sørge for å ha personforsikringer i orden.
Oppmøtetidspunkt: Kvar klasse får oppgitt eit tidspunkt for oppmøte, tidspunkt for kor tid ein skal vere klar og starttidspunkt. Symjarar skal møte på oppmøtestaden for å bli transportert over fjorden med båt på det aktuelle oppmøtetidspunktet som står oppgitt på symjekortet. Ta med symjekortet.
Tidspunkt for å gjere seg klar: Etter transport over fjorden med båt til Tjugum, skal symjarane gjere seg klar med nødvendig klesbyte m.m. Ein tilrår å at kleda vert pakka i bag/plastpose. Merk bagen/posen din ved å feste symjekortet til bag/pose. Alle bagasje vil bli transportert tilbake til Holmen, klar til å bli henta av deg når du er ferdig med symjeturen.
Starttidspunkt: Funksjonærar vil fortelje deg kor tid symjinga tek til. Hopp i fjorden og kos deg! Sym over fjorden så raskt og sikkert som mogeleg. Føl same kurs som markering/tryggleiksline som er strekt over fjorden til du kjem til kaia i Holmen.
Dersom du føler deg uvel under symjeturen, så bør du avbryte symjeturen. Gje signal til tryggleikspersonale/funksjonærane i anten kajakk eller eskortebåt at du ynskjer å avbryte. Dersom du kan, sym til tryggleikslina som er strekt over fjorden og vent til ein av båtane hentar deg og transporterer deg til land.
Når du er ferdig å symje, så bør du hente kleda dine og byte om snarast råd.
Du kan melde deg på fram til og med fredag hjå Balestrand turistkontor på Holmen, Balestrand. På søndag kan du melde deg på utanfor Balestrand Turistkontor kl 09:00-10:30.
Kvittering for betaling må synast fram ved registrering på Holmen i Balestrand, mellom kl. 09:00 – 10:30, på søndag 9.august.
Siste mogelegheit for påmelding og betaling er kl. 09:00 – 10:30 på søndag 9. august 2009 på Holmen i Balestrand.