Sognefjord Challenge 2011

Kva: 3,7 km fjordkryssing over Sognefjorden for symjarar og kajakkpadlarar

Stad: Borlaug, Vik kommune til Nokkaneset, Leikanger kommune

Kor tid:August 2011. Må stadfestast.

Kven kan delta: Kompetente symjarar og kajakkpadlarar over 16 år. 16-18 år må ha samtykkje/løyve frå foreldre eller andre vaksne for å delta.

Med omsyn til tryggleik, er det sett ei øvre grense på at maks. 30 symjarar får delta i fjordkryssinga. Kvar symjar må sikre seg at dei vert følt av ein dyktig kajakkførar som på symjaren sine vegner skal navigere på fjorden under fjordkryssinga. Kajakkføraren er også ansvarleg for å signalisere til tryggleikspersonale/eskortebåtar dersom symjaren får problem.

Kvar symjar må kvalifisere seg til fjordkryssinga ved å symje ein distanse på 2 km. Det vil bli arrangert kvalifisering for symjarar.

Symjarar som ikkje kan delta på den arrangerte kvalifiseringa, må før fjordkryssinga skaffe signert dokumentasjon frå godkjend organ (t.d. lokal symjeklubb) om at ein tidlegare har fullført ein symjedistanse på 2 km i ope vatn utan problem.

Alle symjarar og kajakkførarar skal delta på orienteringa om tryggleik som vert halde før kryssinga.

Det eksisterer klare rammer for både områda man skal symja innanfor og tidsbruk. Symjarar som overskrir desse rammene må vera budde på å bli tekne ut av tevlinga. Dei fjord-geografiske avgrensingane (sjå kart) vil bli gjort greie for under tryggleiksmøte på dagen. Maksimalt tidsbruk for fjordkryssing er fastsett til 2 timar og 30 minuttar.

Symjarane må iføra seg badehette. Det er høve til å gjennomføra fjordkryssinga i klasse for våtdraktsymjarar.

Man skal ikkje smørja inn kroppen med tiger balsam, då dette kan medføra varmetap i vatn.

NB: Arrangørane av Sognefjord Challenge har rett til å endra programmet. Arrangørane har og rett til å avlyse kryssing dersom forholda ikkje tillet ei trygg kryssing.

Meir informasjon om påmelding og deltakaravgift vil bli publisert tidleg 2011.