Bakgrunn

Sarah Jane Hails er den fyrste kvinna som har symt over Sognefjorden. Her med Lewis Gordon Pugh.

Den 15.august 2004 sumde den engelske advokaten Lewis Gordon Pugh til land i Eivindvik i Noreg. Han hadde då sumt heile Sognefjorden, ei lengde på 204 km, pluss 7 km ekstra. Han hadde brukt 74 timar og 47 minutt.

Han hadde sett ny rekord; den lengste symjeturen i kaldt vatn i verda.

Lewis Gordon Pugh sin uthaldenheit og psykiske styrke vekte merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Undervegs på symjeturen vart han oppmuntra og støtta av folk som bur langs fjorden; reisa hans langs fjorden fornya deira interesse for å bruke fjorden som ein arena for kulturelle og sportslege aktivitetar.

På slutten av symjeturen hans i 2004, ba Lewis Gordon Pugh ei gruppe med symjarar frå Leikanger om å gjere noko som ikkje hadde blitt gjort før – å symje over Sognefjorden frå Borlaug til Leikanger, ein distanse på 3,7 km. "Å symje denne distansen er ei flott utfordring", sa Lewis. Den 17.august 2004 symde 5 symjarar over fjorden. Dei var grunnleggjarane av "The Sognefjord Challenge". Ei rekordbok som dokumenterer fullførte symjeturar er å finne på Sognefjord Hotel på Leikanger.

Etter denne suksessen, oppmoda Lewis ei gruppe med engasjerte innbyggjarar frå Leikanger og Balestrand til å arrangere ein årleg symjefestival for å knyte saman folk som er busette langs fjorden, og for å fremje symjing og andre aktivitetar i tilknyting til fjorden. Innbyggjarane tok utfordringa og jobba godt for å få til dette, og i 2005 vart den fyrste fjordsymjefestivalen arrangert. I 2006 vart også innbyggjarane i Feios i Vik med som arrangørar av festivalen, og festivalen vart ein stor suksess.

I februar 2007 vart Sogn fjordsymjeklubb stifta, verda sin første fjordsymjeklubb. Sogn fjordsymjeklubb er open for alle symjarar, kajakkpadlarar og fjordentusiastar som ynskjer å arbeide saman for å sikre at symjefestivalen og andre aktivitetar i tilknyting til fjorden held fram.