Opning av fjordsymjesesongen

Med snorklipping og ein frisk dukkert opna Sogn Fjordsymjeklubb årets fjordsymjesesong under Kjeringi Open, 22. april 2006. Sognefjorden, Noregs største symjebasseng, er fram til hausten treningsarena for alle fjordsymjarar og dei som har lyst til å bli det. Fjordsymjeklubben møtest torsdagar kl 19 ved Pilaviki, Sognefjord Hotell, og søndagar kl 15 ved Leikanger Fjord Hotell.