Mange testa Kjeringi-fjorden

Klar for sesongens første symjetevling, klubbmedlemer og andre ventar på startsignalet.
Foto: Terje Eggum

Batman, Superman og Spiderman måtte også i fjordvatnet denne dagen.
Foto: Arthur Langeland

Opning av fjordsymje sesongen på Leikanger
Foto: Arthur Langeland

Foto: Arthur Langeland

Foto: Terje Eggum

LEIKANGER: Aldri har fleire friskusar valt fjordetappen på Kjeringi Open-dagen. Eit 20-tals vinterkvite kroppar tok den herlege aprilfjorden i bruk. To av dei gjorde like godt sesongopninga i fjorden til Superkjeringas femte etappe. Slik kunne dei to medlemene Sigrid og Sarah frå Sogn fjordsymjeklubb kalla seg Superduperkjering 2009. For fjordsymjar Sarah sitt vedkomande var det også hennar første Superkjering.

Kjeringi Open 2009 går inn i soga som den hittil beste. Alt var på fjell/fjord-festen si side denne laurdagen, 25. april. To lag representerte Sogn fjordsymjeklubb i fjelltopp til fjord-stafetta: Fjordfuglane: Sarah Jane Hails, Bernt Skogsrud, Torbjørn Hasund og Janne Dokken, og Fjordtrollane: Sigrid Henjum, Simone Stibbe, Turid Oppedal og Øydis Bøthun. Alle hadde det moro og presterte sterkt.

Etter alle stafettdeltakarane hadde passert målstreka var tiden inne for badinga. Temperaturen i vatnet vert perfekt også. Tett under tolv grader er nesten komfortabelt, når sola skin, stemninga stig og publikum tel fleire hundre.

Fjordsymjarane markerer sesongstart i fjorden to timar etter Kjeringi Open-starten frå fjellet. Hotellhagen på Leikanger er ypperleg eigna. Her blir premiane delte ut, erfaringar utveksla, tørsten sløkt og, altså, fjorden testa ut. Ein perfekt miks, der ein også kan oppnå den høgst uoffisielle heideren superduperkjering.

Vinnarne av symjekonkurransa vert: 1.plass Bernt Skogsrud frå Vik, 2. plass Sønnøve Cirotzki frå Bergen og 3. plass Hans Christian Holte frå Oslo.