PRESSEMELDING

Internasjonal venskap og reint vatn i fokus under Sognefjord Swim Festival 2009

Den 4. Sognefjord Swim Festival vil samle folk rundt symjing og kajakkpadling.

Sognefjord Swim Festival er blitt kjent som ei spennande symjetevling langt utafor Noreg sine grenser. Fjordfestivalen, som mellom anna inkluderer ei 3,7 km lang kryssing av Sognefjorden, skal i år gå av stabelen 7. til 9. august. I år fokuserer festivalen på venskap på tvers av landegrenser og reint vatn.

Sidan oppstarten i 2005 har Sognefjord Swim Festival sett den 204 km lange Sognefjorden, som eit av verdas mest spektakulære symjebasseng, på kartet internasjonalt.

– Sognefjorden er ein perfekt arena for eventyrlege opplevingar, sportsutfordringar og familieaktivitetar, seier festivalsjef Sarah Jane Hails.

I år har festivalen valt Slovenia som fokusland. Den slovenske maratonsymjaren Martin Strel, også kjent som "Big River Man", er æresgjest under festivalen.

– Eg sym for fred, venskap og reint vatn, opplyser Strel, som har sett tre Guinness-rekordar i langdistansesymjing. I 2007 sumde han Amazonas på langs (5268 km) på berre 66 dagar.

Dokumentarfilmen "Big River Man", som handlar om Strel sin eksteme symjetur, har vunne prisen for beste dokumentar under Sundance Film Festival i USA.

Martin Strel er ein av dei mest ekstreme atletane i verda og kjent for å ha sumd forureina elver som Yangtze-elva i Kina. I sommar kjem han til Sogn for å symje i eit av verdas reinaste, mest naturlege symjebasseng. Under festivalen fortel Strel om kva som motiverte han til å symje Amazonas på langs.

Ein ting du burde har gjort i livet

Sognefjord Swim Festival er bygd rundt fjordsymjing, som betyr at ein symjar blir følgd av ein kajakkpadlar langsmed eller på tvers av ein fjord. Fjordsymjing friskar opp både kropp og sjel, og samlar symjeentusiastar frå ulike land og kulturar.

Interessa for Sognefjord Challenge, den 3,7 km lange fjordkryssinga over tvers over Sognefjorden har vakse sterkt både i Noreg og i utlandet. Berre to veker etter at påmeldinga opna, var deltakarlista fylt opp. Arrangørane har no sett opp ei venteliste som stadig veks.

– Symjekonkurransen Sognefjord Challenge ha blitt eit punkt på ynskjelistene til openvassymjarar verda rundt. I løpet av nokre få år er fjordsymjing blitt ein ny og trendy symjeaktivitet, opplyser festivalsjef Sarah Jane Hails. Ho tok sjølv utfordringa i 2004, og blei den første kvinna som kryssa Sognefjorden mellom Feios og Leikanger

Deltakarar frå Finland, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Slovenia og Noreg har meldt seg på den store fjordkryssinga. Symjarar som heller vil prøve ein kortare distanse og barn frå 8 år kan delta i Mini Challenge, ei 400 meter lang fjordkryssing over Esefjorden i Balestrand.

Den kjende issymjaren Lewis Gordon Pugh presterte i 2004 å symje heile Sognefjorden på langs. Slik inspirerte han lokalbefolkninga i Sogn til å stifte Sognefjord Swim Festival. Det er sidan blitt ein tradisjon å invitere symjarar i verdsklassa til å krysse Sognefjorden.

– Å symje i fjorden er ei fantastisk oppleving og absolutt ein av dei tinga ein burde ha gjort minst ein gong i livet, seier Kevin Murphy, &King of the English Channel&, som har vore æresgjest under festivalen i 2007.

Come and swim, stay and explore!

Sognefjord Swim Festival oppmodar både folk som bur langs fjorden og tilreisande å ta fjorden aktivt i bruk på ein miljøvenleg måte. Det tre dagar lange arrangementet inkluderer aktivitetar i Leikanger, Vik og Balestrand kommune.

– Vi ønskjer at folk kjem hit og sym i fjorden, samstundes som vi gjerne vil ha dei til å bli litt lenger og oppleve kva fjordlandskapet og regionen elles har å by på

Sognefjord Swim Festival har alltid prøvd å bringe lokale produkt og lokal mat fram i lyset under arrangementa. I august kan du smake på maten frå fjordbygdene - økologisk iskrem frå Feios, røykelaks frå Menes i Balestrand, økologisk grillmat frå Vikjakjøt og lokale bringebær dyrka av sognebønder.


Festivalfakta: 4. Sognefjord Swim Festival

Når: 7.–9. August 2009
Kvar: Sognefjorden. Ulike festivalaktivitetar i Leikanger, Feios i Vik og Balestrand
Æresgjest: Slovensk langdistanse-symjar Martin Strel
Kva: Sognefjord Swim Festival er ein festival knytt til fjordopplevingar og fjordaktivitetar. Festivalen har høgt profilerte internasjonale deltakarar.
Symjekonkurransar:
Sognefjord Challenge: Fjordkryssinga frå Borlaug over til Leikanger laurdag 8.august står sentralt for sterke symjarar: Her er plassen av avgrensa til 30 symjarar. Påmeldinga sluttar 30. juni.
Mini Challenge og symjestafett: Søndag 9. august står mindre krevjande fjordsymjing og familieaktivitetar i fokus i Balestrand: symjestafett og Mini Challenge, kryssing av Esefjorden (400 m) for barn og vaksne frå 8 år.
Kajakkonkurransar: Kayak Challenge: Kajakkonkurransen som går ut på å krysse Sognefjorden med kajakk frå nord- til sørsida (ca. 6 km), fredag 7. august, konkurranseklasse (Express) og mosjonsklasse (Cruise).
Meir informasjon: www.fjordswim.no

Liste over påmelde til Sognefjord Challenge: http://www.fjordswim.no/nn.php/servlets/reg2009liste
For generelle spørsmål, ta kontakt med festivalsjef Sarah Jane Hails (mobil: 906 609 44), info@fjordswim.no.
For høgoppløyslege bilete, sjå: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007.

Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
(+47) 90594822