PRESSEMELDING

Stor interesse for fjordkryssing

Foto: Ole Jomar Moen

Deltakarliste for Sognefjord Challenge, kryssinga av Sognefjorden, under årets Sognefjord Swim Festival har fylt seg opp på null og niks etter at påmeldinga vart opna i april. Arrangørane har sett opp ei venteliste som stadig veks.

Men det er ingen grunn til å vera lei seg om ein ikkje har fått plass, for det er mange andre høve til å boltre seg i vatnet under årets symjefestival. Arrangørane har nemleg no opna nettpåmeldinga for alternative konkurransar, både for symjarar og padlarar.

Ei symjeutfordring for heile familien er Mini Challenge, kryssinga av 400 m breie Esefjorden i Balestrand. Her kan barn og vaksne frå 8 år vera med, som då alt etter alder vert titulerte som kråkebolle, sjøstjerne, steinbit, nise, kval eller kvalross.

Festivalen har også kortdistansetevling med ein symjestafett på 4x50 m utanfor Kviknes hotell. Klassene er delt i konkurranse- og mosjonklasse, og i tillegg kan laget vinne premie for beste symjekostyme og beste heialag.

– Dette er ei fin anledning for bedrifter, lag og andre til å setje saman lag og tevle med konkurrentane på ein litt annan måte enn til dagleg, seier festivalkoordinator Sarah Jane Hails.

Fjordsymjing er ein aktivitet som satsar på samarbeidet mellom symjar og kajakkfølgje. Som regel går det ganske seint for kajakkpadlaren når han følgjer symjaren, men under festivalens opningskonkurranse er det padlarane som skal vise kva dei kan. Kayak Challenge er eit løp for dei med konkurranseinstinkt i ei klasse, eller berre ei fantastisk fjordoppleving for dei som ynskjer å ta det litt meir med ro og deltek i mosjonsklassa. Det vert også ei eiga klasse for dobbelkajakkar, Dobbel espresso.

– Kajakkpadling har blitt populært i Sogn dei siste åra, men det finst få kajakkonkurransar, opplyser Hails som vil oppmode folk og spesielt litt ferske padlarar til å prøve seg på å krysse fjorden med eit påliteleg tryggleiksapparat rundt seg. For meir erfarne padlarar er nok konkurranseklassa ein god sjanse å bryne seg litt. Festivalen er dessutan framleis på jakt etter friviljuge padlarar til kajakkfølgje under Sognefjord Challenge som i år har deltakarar frå Noreg, Finland, Slovenia, Tyskland, Storbritannia og Nederland. Dei lover også fri inngang til dansen på Sognefjord hotell for alle kajakkbuddyane.

Så her er det berre å bruke dei fine dagane til symjing eller kajakkturar for å gjere seg klar til fjordfestivalen som går av stabelen i kommunane Vik, Leikanger og Balestrand 7.–9. august. Og då er det berre å hugse å melde seg på.


Tilleggsinformasjon

Festivalfakta: 4. Sognefjord Swim Festival

Når: 7.–9. August 2009
Kvar: Sognefjorden. Ulike festivalaktivitetar i Leikanger, Feios i Vik og Balestrand
Æresgjest: Slovensk langdistanse-symjar Martin Strel
Kva: Sognefjord Swim Festival er ein festival knytt til fjordopplevingar og fjordaktivitetar. Festivalen har høgt profilerte internasjonale deltakarar.
Symjekonkurransar:
Sognefjord Challenge: Fjordkryssinga frå Borlaug over til Leikanger laurdag 8. august står sentralt for sterke symjarar: Her er plassen av avgrensa til 30 symjarar. Påmeldinga sluttar 30. juni.
Mini Challenge og symjestafett: Søndag 9. august står mindre krevjande fjordsymjing og familieaktivitetar i fokus i Balestrand: symjestafett og Mini Challenge, kryssing av Esefjorden (400 m) for barn og vaksne frå 8 år. Nettpåmelding stengjer 31. juli.
Kajakkonkurransar: Kayak Challenge: Kajakkonkurransen som går ut på å krysse Sognefjorden med kajakk frå nord- til sørsida (ca. 6 km), fredag 7. august, konkurranseklasse (Express) og mosjonsklasse (Cruise). Nettpåmelding stengjer 31. juli.

Bakgrunnsinformasjon om Sognefjord Swim Festival

Den 15.august 2004 sumde den engelske advokaten Lewis Gordon Pugh til land i Eivindvik i Noreg. Han hadde då sumt heile Sognefjorden, ei lengde på 204 km, pluss 7 km ekstra. Han hadde sett ny rekord – den lengste symjeturen i kaldt vatn i verda.

Lewis Gordon Pugh sin prestasjon vekte merksemd nasjonalt og internasjonalt. Undervegs på symjeturen vart han oppmuntra og støtta av folk som bur langs fjorden, og mange fekk fornya interesse for å bruke fjorden til kulturelle og sportslege aktivitetar.

På slutten av symjeturen i 2004 utfordra Lewis Gordon Pugh ei gruppe lokale symjarar til å symje over Sognefjorden frå grenda Borlaug i Feios til Nokkaneset på Leikanger, ein avstand på 3,7 km. Den 17.august 2004 kryssa 5 symjarar fjorden. Dei stifta seinare "Sognefjord Challenge". Ei rekordbok som dokumenterer fullførte symjeturar er å finne på Sognefjord Hotel på Leikanger.

Etter denne suksessen oppmoda Lewis ei gruppe symjeentusiastar frå Leikanger og Balestrand om å arrangere ein årleg symjefestival for å knyte saman folk langs fjorden, og for å fremje fjordaktivitetar. I 2005 arrangerte dei den fyrste fjordsymjefestivalen. I 2006 vart også innbyggjarane i Feios i Vik med.

I februar 2007 vart Sogn fjordsymjeklubb stifta, som den første i sitt slag. Klubben er open for alle symjarar, kajakkpadlarar og fjordentusiastar som ser på fjorden som ein verdifull ressurs og arena for leik, idrett og rekreasjon.


For høgoppløyslege bilete, sjå: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007.
Liste over påmelde til Sognefjord Challenge: http://www.fjordswim.no/nn.php/servlets/reg2009liste
For generelle spørsmål, ta kontakt med festivalsjef Sarah Jane Hails (mobil: 906 609 44), info@fjordswim.no.
Vi skal fortløypande oppdatere nettsidene våre, og det detaljerte programmet skal snart leggjast ut. Hald deg oppdatert på www.fjordswim.no.

Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
tlf: 90594822