Sju symjarar rundt Kvamsøy

KVAMSØY: Turid og Andreas i kvar sin kajakk på utsida av Kvamsøyna, Bernt Skogsrud i fint driv mellom dei.
Foto: Terje Eggum

Foto: Terje Eggum

TO RUNDAR: Christian Gjeraker, i kajakken, drog Simone Stibbe med seg rundt Kvamsøy to gonger denne laurdagen.
Foto: Terje Eggum

KVAMSØY: Den einaste øya i Sogn av litt storleik og fjordsymjarane sin favorittarena.

Kvamsøy rundt er innpå halvannan kilometer gjennomkøyring for fjordsymjarar som ynskjer kvalifisera seg for Sognefjord Challenge. To turar rundt øya gjev god margin ned til kvalifiseringskravet, som er to kilometer.

Fire kajakkar og sju symjarar gjorde seg nytte av det gode vatnet i fjorden denne dagen. Etterpå var det tradisjonen tru, grilling og trivsel. Frå Vetlefjorden kom to symjarar som ikkje har vore med før. Forutan desse hivde ein tredje seg på. Frå symjeklubben testa Marit Fjøsne, Simone Stibbe, Øydis Bøtun og Bernt Skogsrud den historiske arenaen (Kvamsøy har ein av fjordens fem steinkyrkjer frå mellomalderen). To personar var to gonger rundt, Simone Stibbe og Erik Sørensen. Padlarar var Andreas Ulvestad, Christian Gjeraker, Turid Cecilie Oppedal og Terje Eggum.