PRESSEMELDING

Vil redde landkrabbar frå regnet

Foto: Lorraine Thompson

Eli Kari Gjengedal har spådd regn til helga, men det stoppar ikkje entusiastane bak Sognefjord Swim Festival. Dei har starta ein innsamlingsaksjon for brukte og foreldrelause paraplyar og regnkåper.

– Våt blir ein jo uansett når ein sym i fjorden, men vi bryr oss også om landkrabbane, seier Simone Stibbe, marknadsføringsansvarleg for Sognefjord Swim Festival, som førstkommande helga går av stabelen i Feios, Leikanger og Balestrand. Med eit stort smil fortel ho vidare at dei no tek i mot brukte, gamle, lett skada eller foreldrelause paraplyar og regnkåper.

Basen for innsamlinga er Gamlehotellet på Hermansverk, og dei håpar at mange har lyst til å kvitte seg med gamalt regntøy av alle moglege slag. Alt dei får samla inn skal lånast bort att til dei som treng det under festivaldagane, der det vert varta opp med mykje underhaldning for dei som står att på land.

– VÍret skal iallfall ikkje få øydeleggje stemninga under festivalen! Og dessutan er det jo som regel slik at det ikkje vert regn når ein har med seg paraply, smiler Stibbe.


Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
tlf: 90594822