Symde frå Sogndal til Leikanger

Både Sønnøve og kajakkfølgje Katja Gesch og Sarah Jane Hails er med Sogn Fjordsymjeklubb.

Søndag 9. juli symde Sønnøve Cirotzki frå Sogndal til Leikanger, 23 km. Då ho stupte uti ved Hafslund Hotell, var ikkje klokka meir enn 6.00 om morgonen. Etter 8 t og 10 min i omlag 16 graders vatn kom ho i land ved Leikanger Fjordhotell - nesten like opplagd som då ho starta turen. Sønnøve held no rekord for å symje den lengste etappen i Sognefjorden utan opphald. Ho slo dermed Lewis G. Pugh som i 2004 symde heile Sognefjorden på langs, men aldri meir enn 12 km om gongen. Til hausten har Sønnøve ei endå større utfordring på planen - ho skal symje den engelske kanalen. Men før det kjem ho til symje nærast alle fjordarmar i Sognefjorden.