Kjære alle fjordentusiastar!

Foto: Terje Eggum

På fredag kl.1730 startar Sognefjord Swim festival 2009 med fjordsamling i Feios. Me i Feios ynskjer fjordvener, bygdefolk, feriefolk, naboar, deltakarar, tilskodarar, familie og andre vener hjarteleg velkomne ned i fjøresteinane ved skulen.

Her skal me:

  • Ta i mot deltakarane på Kayak Challenge 2009,
  • Høyre innlegg frå Guinness World Record-haldaren Martin Strel.
  • IWSA-president Mariia Yrjo-Koskinen fortel om vintersymjing.
  • Oppleve musikkinnslag av syskena åsa, Anders og Ivar Vassli Brekke.
  • Få høve til å kjøpe grillmat frå Vikja og is frå Alm gard.
  • Konkurrere i eller sjå på Sognefjord bad taste symjing 2009.

Me oppfordrar alle til å vere med på årets kostymebad. Finn ein høveleg lagkamerat, kle dykk i finstasen og meld dykk på. Ein tevlar om å vera best eller verst kledd, raskast og mest stilfull både på land og i vatnet. Det vert sjølvsagt løn, heider og ære til alle deltakarane!

Ta gjerne med badebroki!

Helsing Feios bygdalag