PRESSEMELDING

Strålande fjordfestival

Foto: Ole Jomar Moen

Erik Sørensen
Foto: Ole Jomar Moen
Martin Strel
Foto: Ole Jomar Moen
Nikolajus Bagdanavicius
Foto: Ole Jomar Moen

Sognefjord Swim Festival gjekk denne helga av stabelen for fjerde gang, og vart ein stor suksess for både deltakarar og frammøtte. Festivalen hadde i år fokus på internasjonal venskap og reint vatn og hadde verdsklassesymjaren Martin Strel som æresgjest. Martin Strel er ein av dei mest ekstreme atletane i verda og kjent for å ha sumd forureina elver som Yangtze-elva i Kina. Under festivalen fortel Strel om kva som motiverte han til å symje Amazonas på langs. Han var også ein av deltakarane under Sognefjord Challenge, den 3,7 km lange kryssinga over Sognefjorden.

– Vatnet her er så reint at eg nesten ikkje treng å symje her. Men det var ein fantastisk flott symjetur, kommenterte slovenaren etter han kom i mål på Nokkaneset på Leikanger.

Ny rekord

Big River Man, Martin Strel, sumde over fjorden på 1 t 16 min. Raskaste mannen over var norske Erik Sørensen frå Larvik som kom i land etter berre 49 min 42 sek, han slo dermed rekorden til Lewis Gordon Pugh på 56 minutt sjølv om det vart lagt på 10% av tida for bruk av våtdrakt. Sørensens offisielle tid blei dermed 54 min 4o sek. Litauiske Nikolajus Bagdanavicius kom også veldig nær rekordtida. Han sumde utan våtdrakt og brukte berre knappe 57 minutt. Forholda var gode under heile kryssinga og alle 29 symjarar kom seg over. Siste mannen ringde bjølla på Nokkaneset etter 2 t 22 min.

God stemning i festivalhelga

– Det var ei vellukka festivalhelga, smiler festivalkoordinator, Sarah Jane Hails nøgd. Sognefjord Swim Festival opna fredag med Kayak Challenge frå Hermansverk til Feios. Kvelden på stranda utafor Feios skule vart krydra med ein presentasjon av Martin Strel som fortalde om symjeturane i verdas største og tildels mest forureinsa elvene.

Familiedagen i Balestrand på sundag vart ein solfylt og mangfaldig dag. 53 symjarar mellom 8 og 70 år sumde den 400 m lange strekninga over Esefjorden, og stemninga på Holmen var triveleg med fjordgudsteneste og marknad med lokale produkt. Festivalen var avslutta med ein stafettkonkurranse utanfor Kviknes hotel. Både laurdag og sundag vart avslutta med After Swim på henholdsvis Sogenfjord hotel og Kviknes hotel.

Verdsmeisterskap i vintersymjing til Sogn?

– Det har vore ein strålande festival i eineståande og idylliske omgjevnadar, meinar Maria Yrjö-Koskinen som er presidenten i den internasjonale vintersymjeorganisasjonen IWSA. Ho er på jakt etter ein stad for verdsmeisterskapen i vintersymjing i 2012 og synest at Sogn hadde vore ein god kandidat. Om det vert slik ynskjer kan det bli opp til 1000 personar som plaskar her i fjorden på vinterstid.

Beste helsing,
Simone Stibbe

Presseansvarleg
+47 9059 4822