KVAMSØY: Kvamsøy er årets nye arena for adventsymjing. Søndag var fem fjordsymjarar på plass, fire gjekk i vatnet mellom fastlandet og fjordens største øy.
Kvamsøy har varmestove på fire høge bein og høveleg klesskifte i den nyss oppførde grillstova. Staden er komplett for vintersymjarar etter den siste tilveksten. Marit Vannes frå Balestrand møtte fjordsymjarane frå Fresvik, Sogndal og Leikanger med varm stove. Fresvik stod på køyreplanen den andre adventssøndagen. Hege og Dee sitt anlegg ved fjorden er som skapt for vinterbading, fire varme stampar, tre meter god kai og fjorden, den svarte, kalde, herlege adventsfjorden.
Fresvik samla tretten fjordsymjarar, åtte frå Leikanger, ein frå Vik og fire frå Fresvik. Dei hadde ei yr stund, med Øydis Bøthun som framifrå arrangør.
Komande søndag er tida inne for årets siste adventsymjing. Det skjer på Nokkaneset. Sogn fjordsymjeklubb bur seg på ein stor symjesøndag, fire dagar før julaftan. Velkomne.