"Årets fjordelskar 2009" til Sønnøve Husabø Cirotzki

FJORDENS DRONNING: Sønnøve Husabø Cirotzki er kåra til årets fjordelskar 2009. Her ved Dragsvik, seks månadar før symde hun forbi samme plassen for å erobre Færlandsfjorden.
Foto: Sarah Jane Hails

Sogn fjordsymjeklubb sin Fjordelskar-pris vart delt ut for tredje gong torsdag 27. november under julebordet til Sogn fjordsymjeklubb. Fjordsymjar Sønnøve Husabø Cirotzki vart kåra til "Årets fjordelskar 2009".

Årets fjordelskar vert kåra for framifrå innsats i arbeidet med Sognefjord Swim Festival og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn med fokus på samarbeid, nyskaping, tryggleik og miljø. Tidlegare vinnarar har vore Leif Eikeland frå Borlaug, Feios i 2007, og Jack og Siv Eggum frå Sognefjord Hotell, Leikanger i 2008.

Juryen si grunngjeving er slik: "Sønnøve har et stort hjerte og det hører til fjorden. Listen over Sønnøves bragd er imponerende. Ikke bare har hun krysset den engelske kanalen, men hun har erobret de tøffeste fjordstekningene i Sognefjorden, bl.a. Aurlandsfjorden, Sogndal til Hella, og i sommer hele Fjærlandsfjorden fra Hotel Mundal til Kviknes. Gang på gang viser Sønnøve at sterk vilje, lyst på nyskaping og godt samarbeid fører til gode resultater. Sønnøve har støttet festivalen hvert år siden 2005, både som deltaker og som kunnskapsrik medhjelper. Hun deltar med engasjement i diskusjoner om både miljø, tryggleik og utvikling av fjordaktiviter i Sogn.

Sønnøve er en aktiv vintersvømmer, medlem av Sogn fjordsymjeklubb og en fremragende ambassadør for fjordsymjemiljøet, lokalt, nasjonalt og internasjonalt."

Dei andre nominerte var Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, Sogndal dykkarklubb og Feios bygdelag. "Dei er all lag som har bistått Sogn fjordsymjeklubb gjennom åra, ikkje minst gjennom symjefestivalen. Dugnadsinnsats og fellesskap er nøkkelen her, Sogn fjordsymjeklubb er takksame for å kunne trekkja på slikt samarbeid. Sammen løfter me kunnskapen om fjorden, samstundes medverkar me til å visa at fjorden kan brukast aktivt på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte," sa styreleiar Sarah Jane Hails under prisutdelinga fredag kveld.

Sønnøve fekk ei fjordengel av glaskunstnar Cecile Lie og er no æresmedlem med livsvarig medlemskap i Sogn fjordsymjeklubb. Det blei feiring med festmiddag og dans på Kvikne's Hotell i Balestrand.