Åtte ut i kald fjord siste adventsøndag

Foto: Terje Eggum

Foto: Terje Eggum

o
Foto: Terje Eggum

Foto: Terje Eggum

LEIKANGER: Åtte fjordsymjarar var i vatnet under årets siste adventsymjing. Arenaen var Leikanger. Ramma var seriøs vinter. Stemninga var høg.

Snøen ligg stødig i fjordlandskapet dagen før solsnu. For vintersymjarar var det ei perfekt ramme. Sogn Fjordsymjeklubb har avvikla årets adventsymjing i tre kommunar, Leikanger, Vik og Balestrand. Undervegs har det vore adventsymjing i både Fresvik og Kvamsøy, forutan to gonger i Leikanger. For dei fem fjordsymjarane som reiser til VM i vintersymjing i Slovenia om ein månad var dette starten på oppkøyringa. I fjellbyen Bled er det kaldt, som det høver seg ein vertsstad for vintersymje-VM. Eit Sogn i den vinterdrakta me ser no dagen kan ikkje vera langt unna. Fire økter blei det i Sognefjorden siste adventsøndagen. Det klare vatnet, den høge himmelen og dei snødekte fjordsidene stimulerte til uvanleg yr symjing. Fleire noterte seg for 40-50 symjetak, det er sterkt i desemberkald fjord.