Opninga av fjordsymjesesongen 2010 på Kjeringi Open

Laurdag 17. april 2010

Foto: Terje Eggum

...på laurdag skal Sogn fjordsymjeklubb for 6. gong opna fjordsymjesesongen under Kjeringi Open! Store og små fjordsymjarar er invitert til å byksa i fjorden ved Leikanger fjordhotell. Du treng ikkje melda deg på, berre møt opp i badeantrekk kl.1514.

Vi satsar å gjere som i fjor: Me startar med konkurranseklassen (symjarar), alle må ut i vatnet, stilla seg opp i ei rekkje og venta til startsignalet. Deltakarane må symja rundt ei markør og tilbake til trappa. Den symjaren som er først attende ved trappa vinn! Så kan alle andre (dypparar) som har lyst å testa det flotte fjordvatnet hoppa ut i.

Adelaide og Jan Erik Lie vil stille eit rom på Leikanger fjordhotell til disposisjon der folk kan skifte.

... og ikkje gløym å heia på Sogn fjordsymjeklubb!

Fra fjell til fjord - igjen skal Sogn fjordsymjeklubb stille med lag til Kjeringi Open. Starten er kl.1314 på toppen av Kjeringafjellet. I år har vi to spennande lag: Fjord Babes og Fjord Divas, med følgjande deltakarar:

FJORD BABES: Gunnhild Sofie Vangsnes (f. 1996) - superkjering, Sønnøve Cirotzki (f. 1973) , Tore Kristian Hansen (f.1973), Øydis Bøthun (f.1952)

FJORD DIVAS: Egil Johannes Vangsnes (f. 1959) - superkjering, Bernt Skogsrud (f.1957), Sarah Jane Hails (f. 1970), Reidun Strand (f.1944).

Vi ynskjer alle lykke til!