Adventdukkert i gang!

LEIKANGER: Kaldt i lufta, vakkert i veret og herleg i vatnet.

ADVENT: Torbjørn Hasund, til høgre, og Terje Eggum testa adventsvatnet i Pilaviki. . Herleg, seier dei t o

Fjordsymjarane har innleia adventstida. Det skjedde klokka 13, søndag 28. november. Ein vakker dag, fjorden viste seg frå si beste side. Iskald vind, rett nok, men desto herlegare nede i vatnet.

Bli med!

Klubben er tru mot tradisjonen. Adventsymjinga er ein alvorleg affære, Neste gong er Fresvik vertsstad. Det blir bading hjå Dee og Hege, søndag 5. desember, klokka 15.
Hamna deira er fjordens heftigaste anlegg for vintersymjing, oppvarma stampar på kaien, tre-fire meter til kaikanten, rett ned i svarte (og herleg kalde) Fresvikbukti.

Torbjørn har tidlegare bede om påmelding innan fredag 3. desember. Me vender oss til Øydis på 932 22 274.

Fresvik kostar ca 125 kroner per person for varmt opphald i stampen. Ta med maten, som kan varmast og grillast etter behov.