Åtte på julebordbading
Åtte av ti julebordgjester hivde seg i novemberfjorden, frå venstre
Torbjørn Hasund, Terje Eggum, Bernt Skogsrud, Sønnøve Cirotzki,
Øydis Bøthun og Odda Hildeskår. Reidun Strand og Dee Cunningham var også i vatnet.
Vertsskapet ved Sognefjord Hotell, fjordsymjeklubben sine alltid trufaste støttespelarar, ventar
eit fjerde familiemedlem i februar. På 1. advent kunne Lisett og Jack informera klubben om at
det kom til å bli ein veslebror for Christian.
LEIKANGER: Fjordsymjeklubben hadde julebord på
Sognefjord Hotell fredag 19. november.
Men før bordsæta kvesste fjordbadarane
matlysta i fjorden. Me var åtte som hoppa i
Pilaviki. Minus i lufta, måne på himmelen
og ørlite for varmt i vatnet (anslagsvis 7-8
grader).
Men for ein herleg start julebordet!
Etterpå koste ti personar med Siv Eggum sin julemat,
Terje sine Everestbilete og masse mimring
frå årets aktivitetar.