PRESSEMELDING
17. januar 2011

Ingen symjefestival i år

Sognefjord Swim Festival vert ikkje arrangert i 2011. Styret i Sogn fjordsymjeklubb, som er den formelle eigaren av festivalen melder at dei naudsynte ressurspersonane for å sette i gang prosjektet dessverre ikke er tilgjengelege i år.

Prisbelønt festival

Sognefjord Swim Festival har vorte arrangert 4 gonger sidan 2005, med stor suksess. Festivalens aktivitetar, ikkje minst Sognefjord Challenge, den 4 km lange fjordkryssinga for symjarar og kajakkpadlarar, har vekt mykje interesse for fjordsymjing lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I 2006 vant festivalen Fjord Norge reiseliv sin gullpris for produktutvikling.

Lokal initiativ

Festivalen har vore eit samarbeidsprosjekt med enkelpersonar og organisasjonar frå kommunane Leikanger, Vik, Balestrand og Sogndal. Festivalen har hatt som mål å fremje fjordaktivitetar, berekraftig reiseliv og å knyte folk saman. "Festivalen sin suksess har vore avhengig av frivillig innsats og god handtering av sikkerheit og samarbeid," kommenterer styreleiar i Sogn fjordsymjeklubb Sarah Jane Hails. "Vi har vore heldige og er takksame for det positive samarbeidet vi har hatt med dei lokale Røde Kors laga, båt- og dykkarklubbar, idrettslag, bygdelag, reiselivsaktørar, med fleire," sier Hails.

Manglar ressursar

"Mange omsyn skal takast når ein koordinerer eit arrangement som Sognefjord Swim Festival, og det krever mykje arbeid," kommenterer Hails. “I løpet av dei siste 6 åra har vi samla mykje erfaring og kompetanse med å arrangere og delta i fjordaktivitetar. Mange av dei unge grønderane som har jobba med koordinering av Sognefjord Swim Festival i tidlegere år er ikkje lenger tilgjengelege. Vi har etterlyst nye kandidatar, utan å få napp. Utan ressursar og personar med naudsynt erfaring, kompetanse og kapasitet til å leie prosjektarbeidet, kan vi dessverre ikkje sette i gang med planlegging av ein festival i år," forklarer Hails.

Aktivitetar i sommar

Dersom du framleis drøymer om å symje den mektige Sognefjorden på tvers under kontrollerte tilhøve er ikkje alt håp ute. "Sjølv om vi ikkje kjem til å arrangere festival i år, har klubben framleis lyst til å fremje fjorden som arena for sosiale, trygge og miljøvennlege fritidsaktivitetar," seier nestleiar i Sogn Fjordsymjeklubb, Torbjørn Hasund. "På grunn av den store interessa for fjordsymjing og etterspurnad etter aktivitetene våre, vurderer vi å arrangere eit mindre mesterskap for medlemmer og interesserte. Men uansett kor stort eller lite eit mesterskap er, treng vi framleis folk som vil arrangere det" understreker Hasund. "Dersom nokon vil ta på seg å arrangere ein fjordsymjeaktivitet i sommar, vil vi gjerne høyre frå dei så fort som råd, eller dei er velkomne på årsmøtet til Sogn fjordsymjeklubb som skal haldast i mars 2011," oppmuntrer Hasund.

Kontakt:

Spørsmål eller kommentar til Sogn fjordsymjeklubb kan sendast med e-post til sogn@fjordswim.no, eller ta kontakt med Torbjørn Hasund på telefon: 930 046 85.