Rare ting draumar

Kjemperare dersom ein gjer seg litt tid til å tenkje på det. I draumar kan alt skje. Vil du reise verda rundt? Gli over skyene på himmelen eller dykke ned i djupet og besøke skapningar som lev så djupt at vi berre kan gjette korleis dei ser ut? I draumar kan du gjere alt det og meir til. Du kan gjere alt du vil. Det er du som bestemmar kva som skjer i draumane dine og ikkje nokon kan seie at det ikkje kan skje. Når ein draumar er ein i ei eigen verd. Men eg draumar ikkje, vil du kan hende seie. Der må eg seie at du tek feil. Alle menneske draumar kvar natt, sjølv ein ikkje kan hugse at ein har gjort det. Og har du tenkt over at vi har eit eiget ord for å beskrive det å draume utan å sove? Det heiter å dagdraume. "Årsak eg satt og draumde." Det er ein setning eg har sagt mange gonger. Til l&aeling;rarar, til foreldre og stort sett til alle "vaksne" eg har hatt regelmessig kontakt med. Eit mindretal av det vi draumar skal haldast inne i hovudet. Det er draumar som er så private at det er best at det er berre den som draumar dei som kan sjå dei. Men denne type draumar utgjer berre ein liten del av det vi draumar, resten kan vi godt seie frå om til resten verda. Dersom ein har eit ynskje om å gjere det. Draumen treng ikkje vere så stor. Så lenge draumen betyr noko for deg, er den viktig. Kva andre meiner om dine draumar treng du ikkje bry deg om. Det er det du vil som betyr noko for deg. Problemet med draumar er at mange tenkjer: " Å eg skulle ynskje eg kunne gjere ditt eller datt," og så lar dei draumen bli i hovudet. Eg har møtt personar som faktisk finn på årsaker for å ikkje å gjere noko med draumane sine.

For å få oppfylt ein draum er det i grunnen berre ein ting som betyr noko. Ein må ha ein vilje til å sjå den draumen oppfylt. Dersom ein har det, gjev ein seg sjølv den beste moglegheita til å lukkast. Nokon garanti for å lukkast finnast ikkje. Det kan hende at draumen blir annleis enn det du hadde sett føre deg, men på den andre sida kan det vere du l&aeling;rar noko om deg sjølv som du ikkje visste og som du ikkje kunne vite dersom du ikkje har vore igjennom akkurat det du har vore igjennom.

Når det gjeld min eigen draum om å symje over Sognefjorden så har ferda fram vore langt frå enkel. Det var tider då det å hoppe uti fjorden verka like langt unna som månen. Det har vore skader og opphald i trening. Få trudde at eg ville klare det eg draumde om. Eg kunne ikkje gå til nokon å spørje om kva eg gjorde gale. Eg måtte finne ut av det på eiga hand. Det var opp til meg å bevise at eg kunne gjere det eg så gjerne ville. Når eg ser attende på opplevinga no, sitt eg igjen med ei kjensle det nesten er umogleg for meg å sette ord på. Heile prosessen eg har gått igjennom har gjeve meg ein indre ro eg ikkje har kjend før og som ikkje kan målast, korkje i pengar eller utmerkingar. Det er mange menneske som leitar etter den heile livet, mange finn den aldri. Med den roen eg har no, ser eg lyst på framtida, uansett kva eg kjem til å oppleve i livet, kjem eg til ha den roa og den vil hjelpe meg. Eg har fått ei gåve og det er beste som har hendt meg. Eg unnar alle å oppleve det eg opplevar no. Vatnet har alltid hatt ein sterk dragning på meg og det som får meg til å ynskje å symje meir no er kjensla av å helse på det element som har gjeve meg så mykje glede. som alltid har forheksa meg med magien sin. No meir enn tidlegare Og med den ny roa eg har, garanterar eg ikkje for noko.

Fjordhelsing frå

Charlotte Roaldseth