Sønnøve svømmer igjen!




Kanalsvømmar og fjordsvømmar Sønnøve Husabø Cirotzki frå Sogn fjordsymjeklubb har planlagt ny, lang svømmetur i kjølige Sognefjorden. Denne gangen er det Lusterfjorden som skal erobrast. Ho startar onsdag 3. august, og forventar avslutning fredag 5. august, om alt går etter planen. Ho har tidlegare svømt fleire spektakulære fjordar, og fullførte i 2009 målsettinga om å bli den første som svømte Fjærlandsfjorden på langs. Då starta ho ved Hotel Mundal og svømte inn til Kviknes Hotel i Balestrand. Svømmeturen ut Fjærlandsfjorden vart ei svært kald oppleving, då fjorden kunne by på 9- 16 grader Celcius.

I Lusterfjorden startar ho i Skjolden, med klubbmedlem Bernt Skogsrud som kajakkbuddy. Fjorden forventar om lag 6 grader celcius den første delen. Sønnøve ønskjer seg sol og rolege vindforhold, men ho er klar over at sola også fører til meir smeltevatn til elvane ho må overvinne undervegs. Sønnøve har som alle andre venta lenge på det gode sommarveret, men ho seier ho ikkje kan vente lenger.

I tillegg til Bernt i kajakk skal Sønnøve og ha med seg båt som ekstra sikkerheit. Ho har i tillegg fått med seg dyktige hjelparar frå Sogndal Dykkarklubb, og lokallaga til Røde Kors Hjelpekorps.

Lykke til Sønnøve!!

Les mer fra Bt.no

Historikk for Svømming, Sønnøve Husabø Cirotzki:

  1. 2005: Første person som har svømt Esefjorden på langs, 4 km.
  2. 2006: Første person som har svømt frå Sogndal til Eidet; 6 km
  3. 2006: Første person som har svømt over fjorden frå Urnes til Solvorn, 3,4 km
  4. 2006: Første person som svømte frå Sogndal til Leikanger, 23 km
  5. 2006: Svømte frå Leikanger til Hella, 13 km
  6. 2006: Tredje norske som har svømt over den Engelske Kanalen; tid 14H,43M
  7. 2007: Deltakar, Tethy`s Cup, Formula 7777, (havsvømming) Tunisia
  8. 2007: Første norske som har svømt over Bosphorus-stredet i Istanbul
  9. 2007: Første person som har svømt Finnafjorden på langs, 7 km
  10. 2007: Første person som har svømt Aurlandsfjorden på langs; 32 km, temperatur, 9-14 grader.
  11. 2008: Deltakar, Fritdjof Challenge, 2 persons relay, Vangsnes-Feios, 12 km
  12. 2009: Første person som har svømt Fjærlandsfjorden på langs, 28 km, temperatur; 9-16 grader.