FJÆRLANDSSETE: Dei tre klubbmedlemane tok like godt og symde Fjærlandssetvatnet til endes.
Reidun Strand, Oddbjørg Hildeskor og Siri Storevik dukka ned i det kalde fjellvatnet tidleg på ettermiddagen laurdag den 20. august. Ein time og ti minuttar seinare krabba dei i land på Sumhaug.
– Det var helst kaldt, seier Reidun Strand, og vedgår at det lange opphaldet i vatnet gjekk hardt ut over fingrane.
Distansen var omlag 1,6 kilometer, startstaden var Sanden, lengst aust i det store vatnet, 760 meter over havet.
Dei tre hadde med seg Reidun sin ektemann, Magne, som var i båt og overvaka symjeturen med fullt tryggjingsopplegg. – Me hadde med oss flytevestar i båten, seier Reidun Strand, som ikkje har høyrt om at noko før har symt Fjærlandssetevatnet endes.