Skilpadda Challenga 2006

Fjordsymjesesongen blei offisielt avslutta under Fruktbare Dagar i Leikanger, søndag 8. oktober 2006. Frisk fjord, flytande eple og modig moro er dei sentrale ingrediensane når Sogn Fjordsymjeklubb markerer sesongslutt. Ramma er Skilpadda Challenge, som denne dagen blei skipa for andre gongen i fjorden ved Sognefjord Hotell.

Nemninga og staden er ikkje tilfeldig.

Skilpadda Challenge er også ein hyllest til gründeren og familien bak Sognefjord Hotell. Bak tilskipinga skimtar me den utrulege historia om Agnar Eggum, som rømde frå internering i Nord-Afrika under krigen og overlevde på ei havskilpadde.

Dramatikken i Middelhavet under krigen blei meisterleg gjenfortalt av Knut Henning Grepstad under samlinga ved fjorden søndag. Historien skal tena til inspirasjon for fjordsymjarane, og det verkar.

Agnar Eggum (1921-1994) rømde sjøvegen frå fangeskap i Nord Afrika. Den unge systrendingen og kameratane hans tok mål av seg til å nå britiske Gibraltar. Men det drog ut og det blei for lite mat om bord. Då det såg som mørkast ut blei ei stor skilpadde i havet berginga deira. Mennene fanga det symjande dyret og sette det til livs, slik vart dei i stand til å overleva nokre dagar til. Lenge nok til å bli tekne om bord i eit fiskefarty.

Agnar Eggum heldt fram med å utføra dristige oppdrag i Middelhavet. Han var også ein god symjar og brukte talentet sitt til å symja smuglarvåpen mellom båtar under operasjonar for dei allierte styrkane.

Skilpaddehovudet eksisterer den dag i dag. Agnar Eggum tok det med seg heim til Sogn etter krigen. I alle desse åra har familien teke vare på det i hotellet.

Vår tids eigarar av Sognefjord Hotell, syskena Jack og Siv Eggum, har også vist styrke ved å driva hotellet i Leikanger. Deira vertskap har vore utøvd på unikt vis. Dei har, sidan Lewis Gordon Pugh symde i land under hotellet deira sommaren 2004, gjeve enorm støtte til det veksende fjordsymjemiljøet i bygda.

Dei stiller opp i sommarver, dei stiller opp når fjorden nesten frys til, dei er alltid klare til å ta imot fjordsymjarar. Det er for å visa hotelleigarane takksemd at Skilpadda Challenge vert skipa til. Fruktbare Dagar er den perfekte ramma om dette.

Søndag 8. oktober blei havets frukt, skilpadda, bytt ut med systrondshagane si frukt, eplet. Elleve barske fjordsymjarar tok del i årets Skilpadda Challenge. Meir enn 70 landkrabbar fylgde med på land ved Pilaviki. Deltakarne blei først servert varm skilpaddacider, som var oppheta eplesaft, krydra og levert frå Henjatunet i Leikanger.

Sidan hoppa dei i fjorden for å fanga havets skatt. Epla blei strødde i fjorden ved hjelp av lokale kajakkpadlarar, Siv Storevik Moe, Sverre Moe og Arne Monrad Johnsen. Gøymde i eit lite utval eple var tannpirkarar. Vinnarar var dei som klarte koma i land att med eit eple med ein tannpirkar i.

Vinnarane av Skilpadda Challenge for 2006 vart Ronja "Brune fjær" Gesch, Arve Lingjerde, Kathrine Fjøsne, Therese Wathne, Eirik Husabø og Sigurd Halsnes.

Etterpå fekk alle symjarane varma seg i hotellet, med badstue og varm dusj. Det var også servering av rjomegraut og flotte premiar.

Deltakarar i Skilpadda Challenge 2006:

  • Sigrid Henjum
  • Ronja Gesch
  • Katja Gesch
  • Terje Eggum
  • Arve Lingjerde
  • Sarah Jane Hails
  • Ingrid Taklo
  • Kathrine Fjøsne
  • Therese Wathne
  • Eirik Husaboe
  • Sigurd Halsnes

NB: Sjølv om fjordsymjesesongen er "offisielt" over, vil vinterbadinga i Leikanger halda fram til sesongen for fjordsymjing starter opp att, det skjer ved neste års Kjeringi Open, april 2007.

For fleire detaljar, ta kontakt med Sogn Fjordsymjeklubb sogn@fjordswim.no