Sogningar representerer Noreg i vintersymjing i Finland

Då det finske symjeforbundet, Suomen Latu, og vintersportstaden Ellivuori i helga arrangerte den offisielle finske meisterskapen i vintersymjing, var det ikkje berre finnar som deltok. Parallelt fann det også stad ein internasjonal konkurranse med symjarar frå Latvia, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Irland, USA, Australia, Japan og Noreg. Fem fjordsymjarar frå Sogn representerte Noreg i det som truleg er verdas kaldaste symjekonkurranse. Symjearenaen var saga ut av isen på vatnet Rautavesi, og arrangørane garanterte at temperaturen i vatnet ikkje steig over 0 . Utetemperaturen var på 20-25 kuldegrader.

- Det var godt å komme seg ut i vatnet, fortel Torbjørn Hasund. Han og resten av laget høyrer til Sogn Fjordsymjeklubb som brukar å trene i Leikanger.

- Vi har trent i fjorden på førehand, men temperaturen der var aldri under 4 , seier Sarah Jane Hails som alt i fjor representerte fjordsymjarane under verdsmeisterskapen i vintersymjing i Oulu i Finland.

Deltakarane i konkurransen måtte symje heile 25 meter i det iskalde vatnet, og dei raskaste klarte det på nett under 20 sekund. Dei norske representantane klarte seg fint. Sarah Jane Hails kom på 6. plass i krålkonkurransen med 20,53 sekund. I brystsymjing var ho også den raskaste frå Noreg og symde lengda på 23,96 sekund. Deltakarane på det norske stafettlaget var Sarah Jane Hails, Simone Stibbe, Terje Eggum og Torbjørn Hasund. Noreg kom på 10. plass i 4x25m-stafetten med ei tid på 97,88 sekund.

- Mest av alt var det moro og utruleg forfriskande, fortel Simone Stibbe.