Stifting av Sogn fjordsymjeklubb

22. februar 2007 vart Sogn fjordsymjeklubb stifta på Sognefjord Hotell i Leikanger. Sogn Fjordsymjeklubb er ein sjølvstendig interesseorganisasjon med mål om å etablere, utvikle og promotere openvatnssymjing, kajakkpadling og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn. Klubben vil arrangere og vidareutvikle Sognefjord Swim Festival og liknande arrangement framover. Vi har også som mål å auke kunnskap om fjorden og jobbe for at fjorden takast aktivt i bruk på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte.

Følgjande er vald i styret for Sogn fjordsymjeklubb:

  • Leiar: Sarah Jane Hails
  • Nestleiar: Ole Johnny Fedje
  • Sekretær: Simone Stibbe
  • Kasserar: Kristine Håland
  • Styremedlem: Torbjørn Hasund
  • Styremedlem: Ralph Krüger

Varamedlem: Svein Røysum, Torbjørn Dahle, Christian Gjeraker, Torill Felde

Bli med i klubben: Send epost til sogn@fjordswim.no.