Bli medlem av Sogn fjordsymjeklubb

No kan du bli medlem av Sogn fjordsymjeklubb. Sogn Fjordsymjeklubb er ein sjølvstendig interesseorganisasjon med mål om å etablere, utvikle og promotere openvatnssymjing, kajakkpadling og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn. Klubben vil arrangere og vidareutvikle Sognefjord Swim Festival og liknande arrangement framover. Vi har også som mål å auke kunnskap om fjorden og jobbe for at fjorden takast aktivt i bruk på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte. For å bli medlem, send epost til sogn@fjordswim.no