Fjordsymjesesongen har starta!

Laurdag 21.april vart fjordsymjesesongen 2007 offisielt opna. På Leikanger Fjord Hotell hoppa 20 ivrige fjordsymjarar i ulike aldrar og av ulik nasjonalitet i det 5 varme vatnet i Sognefjorden. Meir enn 200 tilskodarar stod på sidelinja og heia. Årets æresgjest, King of the Channel, 57 år gamle Kevin Murphy, var med Sogn Fjordsymjeklubb og markerte opninga av symjesesongen i Sognefjorden.

Den offisielle opninga vart arrangert for andre gong som del av det årlege Kjeringi Open på Leikanger. Arrangementet er eit "Fjell til fjord"-arrangement som omfattar telemarksrenn frå toppen av Kjeringafjellet på 1314 m.o.h., følgt av langrenn, springing og sykling ned til Leikanger og Sognefjorden. I år deltok Sogn Fjordsymjeklubb med 2 spreke lag, Fjord Flyers og Fjord Crystals. "Sogn Fjordsymjeklubb har gjort Kjeringi Open til eit verkeleg "Fjell til fjord"-arrangement", seier prosjektleiar for arrangementet, Einar Skram Husabø.

Fjordsymjeaktivitetar vil bli arrangert av Sogn Fjordsymjeklubb utover sommaren. Årets høgdepunkt, Sognefjord Swim Festival, vert arrangert 10-12.august 2007. Sesongen vert avslutta i samband med Fruktbare Dagar på Leikanger som vert arrangert i byrjinga av oktober.