Blomsterbad


Den 28.april 2007 starta symesesongen i Balestrand med eit vårbad. Fire fargerike damer markerte høvet ved ta ein symjetur i det 10 friske vatnet i Esefjorden med flotte hårdekorasjonar på hovudet. Dei fekk selskap at ein ung og sprek mann, Andreas Bjerk, som også likar seg godt i fjorden. Blomsterbadet vart arrangert av Sogn Fjordsymjeklubb i samarbeid med Blomstertunet i Balestrand. Det var flott vårver i Balestrand med sol frå skyfri himmel og snødekte fjelltoppar. I august vil Esefjorden igjen vere arena for smyjeaktivitetar. Då vert konkurransen "Mini Challenge" arrangert i samband med Sognefjord Swim Festival. På "Mini Challenge" kryssar fjordsymjarar i alle aldrar over Esefjorden, ein distanse på ca. 400m. "Å symje i fjorden er fantastisk", seier Marianne Hoff, ein dame frå Balestrand, som deltok i blomsterbadet som del av si eiga 60-årsfeiring. "Å symje i fjorden held meg ung", seier ho, og oppmodar alle om å ta del i Sognefjord Swim Festival 2007.