Sogn fjordsymjeklubb symde Kvamsøy

Oppkøyringa til Sognefjord Swim Festival er i full gang. Mens storsymjar Sønnøve Cirotzki erobra Aurlandsfjorden i helga, tok småsymjarane ein arena lenger vest i fjorden i bruk. Kvamsøy i Balestrand stod på programmet, symjedistansen var 1,5 kilometer, det handla om å symja rundt to øyar: Vesle Kvamsøyna og Store Kvamsøyna.

Yngste mann var Andreas Bjerk (11), frå Balestrand. Andreas er veteran på Mini Challenge, Esefjordkryssinga under Sognefjord Swim Festival. Distansen på Mini Challenge er 400 m. Laurdag tredobla han den personlege noteringa si på langdistanse fjordsymjing.

- Kaldt? Nei, ikkje i heile teke, sa Andreas, då han kom inn etter den lange symjeturen rundt den vidgjetne kyrkjeøya.Han tok like godt ein undervannssalto for å visa at han hadde mykje krefter att. Med litt teknisk trening blir Andreas morgondagens store fjordsymjar i Sogn.

Sogn fjordsymjeklubb er ein inkluderende klubb. Laurdag samla klubben symjarar og kajakkpadlarar frå fire kommunar: Sogndal, Vik, Leikanger og Balestrand, samt to padleglade turister frå Wisconsin, USA. Etter fysisk utfalding i førsteklasses vatn samla selskapet seg i strandkanten. Der blei det grilling, hugnad og song.

Neste symjetur i Sogn fjordsymjeklubb sin regi er Fimreite Over. Det skjer førstkomande torsdag, 12. juli, klokka 18.00. Alle symjarar og kajakkpadlarar er velkomne, tilskodarar også.