Sønnøve si symjedagbok frå Aurlandsfjorden


Draumen om aurlandsfjorden

Søndag 8. juli vart draumen om Aurlandsfjorden realisert, etter 3 dagar med svømming innover denne naturperla i Sogn.

Fredag 6. juli kl 1130 starta symjeturen ved Staven i Timreviki, ytterst i Aurlandsfjorden. Temperaturen veksla mellom 12 og 13 grader og sank ytterlegare kvar gang eg passerte elveutløp. Målet var å symje til Underdal den første dagen, men eg stoppa like før Beitelen . den ruvande og mektige .fjordklippa. som deler fjorden i to: Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Det var ei høgtideleg kjensle å symje forbi dette landemerket!

Begge desse fjordarmane er utruleg vakre, og eg hadde som mål å følgje opp den symjeturen som min gode venn og motivator Lewis Gordon Pugh gjennomførte i Nærøyfjorden i 2005. Mitt mål var å bli den første til å symje lengda på .moderfjorden. til Verdsarvfjorden.

Laurdag, 7.juli kl 0915 frakta båtførar Gunstein Ohnstad meg ut til dagens startpunkt ved Beitelen, så eg kunne fullføre symjeturen til Underdal.
I Underdal hadde eg nok ei kvileøkt og matøkt, før teamet samla seg omkring siste etappe mot dagens mål: Aurland. Etter å ha passert elvevatnet i Underdal, betra temperturen seg noko, og det vart ein fin symjetur inn til Aurland. Vårin Næss (13) var til stor oppmuntring då ho sumde dei siste 100 meterane saman med meg inn til Aurlandsvangen. Der vart vi godt mottekne med blomster og entusiastisk publikum.

Søndag 8. juli tok vi fatt på siste etappen inn til Flåm, om lag 6 kilometer. Eg starta i elvevatnet i Aurland, og sumde i om lag 11 innover mot Flåm. Elvevatnet frå Flåmselva viste ingen nåde, og breidde seg utover heile fjorden. Vi fann ingen soner med varmare vatn. Det var som å symje mot ein iskald vegg. No hadde høgre handa slutte å fungere, grunna spasmer i fingrane. I tillegg kjendest det som eg hadde tusen nåler i muskulaturen, og termometeret viste 9 grader.

Det var likevel aldri snakk om å gi opp. Teamet rundt meg gjorde alt for å støtte meg og klare å symje 100 meter til . og så 100 meter til . . heilt til sandbotnen kom til syne under meg.
Det var ei overveldande sterk og rørande kjensle å ha klart det. Aurlandsfjorden lot seg openbart ikkje erobre utan å hente fram alt eg hadde av mot, kampvilje og krefter.

Aurlandsfjorden var som venta utruleg mektig, kjølig majestetisk og ubeskriveleg vakker. Svømmeturen har gitt meg minner for livet.

Juli 2007,

Sønnøve Husabø Cirotzki