Det er framleis ledige plassar på deltakarlista til Sognefjord Challenge . den 3,7 km lange kryssinga over Sognefjorden. Symjekonkurransen er eit av hovudpunkta under Sognefjord Swim Festival som går av stabelen 10..12. august, for tredje gong.
– Til no har vi 16 påmelde, opplyser system- og webansvarleg for festivalen Knut Moen. Han har lagt ut ei liste over alle påmelde på nettsida til festivalen og trur at det skjerpar konkurranseinstinkten hjå folk.
Dei som vil heller prøve seg på kortare distanser, har sjansen under Mini Challenge, kryssinga av Esefjorden (400 m), for store og små frå 8 år.
– Dessutan er fjordstafetten, 4 x 50 m utanfor Kviknes hotell, ein fin konkurranse med fire deltakarar per lag, anten i trim- eller mosjonsklassen, opplyser Hails vidare og vil gjerne utfordre både familiar og kollegaer å setje saman lag.
Program og presseinformasjon: www.fjordswim.no
Last ned fleire høgoppløyselege bilete her: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007
Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
90594822