Pressemelding

Eli Kari vil heller symje i fjorden enn å reise langt

Det er mange som er på ferie i desse dagar – og medan somme reiser langt, nyt andre naturen her heime. Eli Kari Gjengedal skulle ønskje fleire hadde valt å leggje ferien sin til heimfylket.

– Vi har jo så flott natur her, og ein kan ta seg ein tur både på fjellet og på fjorden, seier ho. Sjølv har ho nyleg vore på fjellet i fleire dagar saman med familien i Nordfjord.

Eli Kari Gjengedal er glødande oppteken av all slags vêr . frå forsiktige regnbyger til brølande ekstremvêr. Under Sognefjord Swim Festival, som går av stabelen 10..12. august, skal ho halde føredrag om fjorden og klima.

– Arrangementet set på ein unik måte fokus på fjorden, miljø og aktivitetar der kroppen er motor, og eg takka ja med det same arrangørane spurde meg om å halda føredrag, seier den sprudlande vêrvarslaren som satsar på at ta seg eit fjordbad i anledninga.

Eli Kari Gjengedal held føredrag 10. august 2007 kl 18.30 i målområdet for Kayak Challenge i Feios i Vik.

p> Program og presseinformasjon: www.fjordswim.no

Last ned fleire høgoppløyselege bilete her: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007

Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
90594822

Festivalkoordinator:
Sarah Jane Hails
info@fjordswim.no
90660944