Pressemelding

Startskot for ny kajakktevling

Sigrid Henjum (24) padla i fjor frå Bergen til Skjolden. No skal ho få til ein eigen konkurranse for kajakkpadlarar under Sognefjord Swim Festival.
Foto: Terje Eggum

Sognefjord Swim Festival utvidar repertoaret av tevlingar. I år kan alle som meistrar kajakk vere med og krysse Sognefjorden – på tid eller i eige tempo.

I festivalen sine to første år har kajakkyndige lagt ned ein stor innsats som følgjebåtar for symjarane som kryssar Sognefjorden. I år får dei si eiga utfordring, Kayak Challenge. Tevlinga blir arrangert 10.august, kvelden før symjarane skal krysse Sognefjorden i Sognefjord Challenge.

Seks kilometer

Padlarane startar konkurransen på nordsida av Sognefjorden ved Nokkaneset (nedanfor Sognefjord Hotel), og endar opp i Feios på sørsida av fjorden. Lengda på denne ruta er seks kilometer.
– Ein bør ha padla litt før ein legg i veg, og alle må i det minste kunne eigen- og kameratredning, men i utgangspunktet er alle slags padlarar velkomne, seier kajakkansvarleg Sigrid Henjum. Sjølv padla ho Sognefjorden på langs i 2006, og jobbar i år som kajakkguide i Balestrand.

Folkefest på land

Ein treng ikkje vere lynrask for å ha glede av Kayak Challenge. Padlarane vel mellom ein klasse med tidtaking og ein utan, der tempoet er meir bedageleg. På sørsida ventar ein varm velkomst på svaberga, med flotte premiar og folkefest i solnedgangen.

Program og presseinformasjon: www.fjordswim.no
Last ned fleire høgoppløyselege bilete her: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007

Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
90594822

Festivalkoordinator:
Sarah Jane Hails
info@fjordswim.no
90660944