PRESSEMELDING

Lokal æresgjest under Sognefjord Swim Festival


Bilete av Sønnøve frå Fjørebukti, september 2006.
Foto: Oddrun Midtbø

Symjaren Sønnøve Husabø Cirotzki frå Sogndal er æresgjest under årets Sognefjord Swim Festival, 10.–12. august 2007.
Sønnøve Husabø Cirotzki er busett i Sogndal, men voks opp i Svelgen i Bremanger. Dei siste åra har ho markert seg som ein uvanleg sterk fjordsymjar og ein viktig pådrivar for symjemiljøet i Sogn.

Aurlandsfjorden på langs

I løpet av tre dagar i juli sumde Sønnøve Husabø Cirotzki Aurlandsfjorden på langs, frå Timrebukti ytst i Aurlandsfjorden og til Flåm. Inst var temperaturen i vatnet svært låg, men den etterkvart røynde symjaren makta likevel å fullføre.
– Aurlandsfjorden var som venta utruleg mektig, kjølig majestetisk og ubeskriveleg vakker. Symjeturen har gitt meg minne for livet, seier Sønnøve om den krevjande erobringa.

England og Tunisia

Den spreke fysioterapeuten tok for alvor til med fjordsymjing i 2005, og har delteke i Sognefjord Swim Festival sine tevlingar: Sognefjord Challenge (Sognefjorden på tvers, 3,7 km) og Mini Challenge (Esefjorden i Balestrand på tvers, 420 m) dei to siste åra. Internasjonalt har ho sumt den engelske kanalen (34 km) og ei rekkje fjordar i Sogn. I år har Sønnøve teke del i Tethy's Challenge i Tunisia, der ho praktiserte havsymjing i 7 dagar. For knapt to veker sidan var ho med under International Asia-to-Europe Swimming Competition i Istanbul. Sønnøve Cirotzki var truleg den første deltakaren frå Noreg, og ho gjorde unna den 6,5 km lange kryssinga på berre ein time.

Møt Sønnøve

Sønnøve kjem til å vere til stades i festivalområda i Balestrand, Feios i Vik og Leikanger under Sognefjord Swim Festival. Det vil då bli høve til å høyre meir om dei ulike symjeeventyra hennar.

Program og presseinformasjon: www.fjordswim.no
Last ned fleire høgoppløyselege bilete her: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007

Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
90594822

Festivalkoordinator:
Sarah Jane Hails
info@fjordswim.no
90660944