Vêrvarsel for Sognefjorden frå torsdag til søndag frå Eli Kari.

Boblevêr!

Det er ikkje berre vatnet i Sognefjorden som kjem til å bobla i helga, lufta over vil også boble i veg.
Grunnen er at den varme lufta som i dag har kome frå Sydenlanda og lagt seg mellom fjella vil blanda seg med kaldare luft frå høgden. Dette fører til at det vil bobla opp skyer fleire plassar som kokar ned til regnbyger. Det er vanskeleg å forutsjå kvar langs fjorden desse regndråpane treff, men gjer det noko med litt regn når ein skal verta våte i fjorden likevel spør eg ?

I sjølve helga er prognosane så usikre at det er lenge sidan eg har sett maken, her vert det nesten som å kasta terningar. Ein modell syner bra vêr, den neste 100% overskya og regn. Satsar vi på den fyrste modellen som syner at fronten går aust for oss kan vi ropa hurra og gleda oss til godvêr. Eg satsar symjeknappane mine på den prognosa!