PRESSEMELDING

Glittrande fjordfestival

Sognefjord Swim Festival gjekk denne helga av stabelen for tredje gong, og vart ein stor suksess for både deltakarar og frammøtte. Festivalen sin eigen vêrmeldar, Eli Kari Gjengedal, melde "nydeleg sol" for festivaldagane i Midtre Sogn. Festivalen hadde i år fokus på klimavenlegheit, med båttransport mellom festivalbygdene, lokalprodusert mat og eit vell av ikkje-motoriserte aktivitetar. Årets nye utfordring var Kayak Challenge, ei kryssing av Sognefjorden.

Kayak Challenge

Nærare 30 deltakarar deltok i kryssinga av Sognefjorden frå Hermansverk til Feios i Vik (ca. 6 km) fredag 10.august. Deltakarane tevla i 3 klassar - med og utan tidtaking og tomannskajakk. Forholda var gode, men solgangsbrisen gav padlarane litt ekstra motbør. Dei første i land var Ralph Krüger og Gerrit Schilling i dobbel kajakk. Kring 150 tilskodarar hadde møtt fram for å følgje tevlinga frå målområdet i Feios i nydeleg ettermiddagssol. Stemninga var svært god under arrangementet. Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal fortalde om utfordringane knytte til å melde vêr langs Sognefjorden. Marinbiolog Torbjørn Dale presenterte fjordforholda for Sognefjord Challenge neste dag.

Sognefjord Challenge

Årets kryssing av Sognefjorden, laurdag 11.august frå sør- til nordsida, var prega av vanskelege tilhøve. Trass i full sol var vestavinden sterk. Ein vasstemperatur på snaue 15 grader og relativt sterk straum gjorde det òg vanskeleg for symjarane å symje direkte mot målområdet. Likevel fullførte 18 av 21. Vinnaren vart symjeveteranen Kevin Murphy (58) frå England, som krabba i land på Nokkaneset etter 1 time og 33 minutt. Murphy brukte fjordkryssinga som ei oppvarming til symjinga av Aurlandsfjorden i eitt denne veka. Rekorden til Lewis Gordon Pugh frå 2006 står framleis. Nummer to i land var Lars Alexander Stockinger (30) frå Haslum (i våtdraktklassen). Publikumsoppslutninga om arrangementet var svært god.

Mini Challenge

Kryssinga av Esefjorden i Balestrand søndag 12.august vart den mest mangfaldige tevlinga under årets festival. Blant dei kring 50 deltakarane, som symde i ulike klassar med namn på sjødyr, fanst det symjarar frå 8 til 85 år. Rullestolbrukar Hein Anders Kvalheim (40), som vart funksjonshemma etter ei trafikkulukke, var òg blant deltakarane. Kvalheim fekk følgje av tre andre spreke familiemedlemmer, sonen Kristen Kvalheim (10), faren Kristen Kvalheim (85) og kona Toril Herdlevær Kvalheim (37). Under kryssinga var fjorden blank og stille, og morgonbygene glei over i sol og blå himmel.