Symjande verdsarvmarkering

Over 40 verdsarvsymjarar helste dronniga då ho segla forbi Dyrdal i Kongeskipet.
Foto: Terje Eggum

Laurdag vart det stor markering for at Nærøyfjorden har fått verdsarvstatus. Då dronning Sonja passerte Dyrdal ombord på Kongeskipet, sto vi klare til å hoppe i fjorden. Alle dei vel 40 verdsarvsymjarane fekk tildelt diplom med stadfesta vasstemperatur på 11 °C. Elles var det ein solrik og flott familiedag med fjordleik og grilling. Dei som endå ikkje hadde nok, fekk prøve seg i den kalde Dyrdalselvi. Under regi av Lewis Gordon Pugh lærde dei å symje trygt i elvestraumen.