Skilpadda Challenge 2007

For tredje gong hoppa ivrige fjordentusiastar i Sognefjorden for å finne havet sin skatt. Det var 11 deltakarar som trossa både vêr, vind og den 10-gradar kalde fjorden. Fem av dei fann ein tannpirk i eplet dei plukka i fjorden og vann dermed havet sin skatt. Etter den oppfriskande dukkerten var det koseleg varmt i både basseng og badstove, og dei barske symjarane fekk kreftane att med rømmegraut og spekemat på Sognefjord hotell.

Deltakarliste:

  • Adam Røysum 5 år - vinnar
  • Brigt Røysum 8 år
  • Svein Røysum 41 år
  • Unni Lefdal Hove 10 år - vinnar
  • Håvard Lefdal Hove 12 år - vinnar
  • Kjartan Hove 46 år
  • Sarah Jane Hails 36 år
  • Jostein Flatland 30 år - vinnar
  • Torbjørn Hasund 36 år
  • Simone Stibbe 27 år - vinnar
  • Sigrid Henjum 24 år

Stor takk til alle deltakarar!