"Årets fjordelskar 2007" til Leif Eikeland

Sogn fjordsymjeklubb sin Fjordelskar-pris vart delt ut for første gong torsdag 6. desember. Leif Eikeland frå Feios i Vik er blitt kåra til "Årets fjordelskar 2007".

Juryen sin grunngjeving lyder slik: "Med byggjinga av kaien på Borlaug på eige initiativ viser Leif Eikeland både at han har tru på Sognefjord Swim Festival i framtida og kor viktig innsatsen av kvar enkel person er for festivalen. Hans dugnadsinnsats er eit eksempel for alle."

"Årets fjordelskar" vert kåra for framifrå innsats i arbeidet med Sognefjord Swim Festival og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn med fokus på samarbeid, nyskaping, tryggleik og miljø. Prisen er ny etablert og vert utdelt i regi av Sogn fjordsymjeklubb.

Les om fjordelskarprisen i Sogn Avis