Afterskilauging i Sognefjorden

Reine og glade afterskilaugarar: f.v. Bernt Skogsrud, Terje Eggum, Julio Carrasco Terceros, Sigrid Henjum, Reidun Strand, Sarah Jane Hails
Foto: Bjarnhild Samland

Flott dag i fjellet, Sognefjordrennet og noregscupen i fjelltelemark blei ein stor suksess. Det skjedde på Palmelaurdag, ettermiddag. Flott dag også i fjorden, Sogn fjordsymjeklubb nytta høvet til å invitera skifolket til afterski og lauging. Seks laugarar gjekk i vatnet, herleg vatn, med "varm" kveldssol i ryggen. Etterpå blei det badstove og dans på Sognefjord Hotel.

(Fjordsymjeklubben held offisiell sesongopning for fjordsymjing i etterkant av Kjeringi Open, som vanleg, laurdag 19. April.)