Fjorden opna på Fjellets dag

TROLLSTREKAR: Ein og annan skvett nådde også opp til KO-publikummet, som sat på kaikanten, på biletet Simone Stibbe.
Foto: Terje Eggum

FJORDFUGLANE: Bernt Skogsrud, Odd Arve Rakstad, Sarah Jane Hails og Sigrid Henjum, fjordsymjeklubbens eige KO-lag, gjorde dei fire etappane frå fjellet til fjorden på tre minuttar under timen.
Foto: Terje Eggum

LEIKANGER: Beste Kjeringi Open nokon gong, og stort frammøte då Sogn fjordsymjeklubb opna sesongen frå hotellhagen på Leikanger Fjord Hotell.

Tradisjonen tru gjekk medlemer av Sogn fjordsymjeklubb i fjorden straks etter at Kjeringi Open var i mål, laurdag 19. april. Klubben sitt trollete ensemble hoppa på, dei fekk selskap av eit titals andre, det totale testlaget telde omkring tjue personar. Om det var kaldt? Nei, tvert om, det var forbausande fint, rundt ti grader. Den varme sola gjorde nok sitt i overflata.

Kva er Kjeringi Open? Svar: Leikanger sitt etablerte våreventyr, eit einaste sug frå snaue fjellet til blåe fjorden, i fire etappar: Telemarkkøyring, langrenn, løp og sykling. Fjordsymjeklubben har stilt med lag siste tre åra, i år under nemninga Fjordfuglane. Gjorde dei det godt? Svar: 2. plass, med god hjelp av leikangerrådmann og syrilmedlem Odd Arve Rakstad på 1. etappe. Vintersymjar Bernt Skogsrud frå Vik, nybakt mamma Torill Felde og klubbleiar Sarah Jane Hails, båe frå Leikanger, tok godt vare på førstnemndes innsats. Fjordfuglane stilte i klassen kombilag senior, laget flaug frå fjell til fjord på tre minuttar under timen. Individuelt henta Sigrid Henjum, medlem av klubbens trollensemble, heim tittelen Super-Duper-Trollkjering. Bak ei slik heidersnemning ligg prestasjonen Superkjering, som er alle fire etappane, samt fjordbading ikledd trollkostyme. Fjordsymjarane er i gang, 2008-sesongen har mykje å by på, for å sjå kvar og når, gå på Sogn fjordsymjeklubb sitt vår- og sommaraktivitetsprogram.