Til Slovenia for å synfara VM-arena

MØTE: IWSA heldt sitt første årsmøte i februar 2008 under VM i vintersymjing i London, norske representantar er Sarah Jane Hails og Simone Stibbe.
Foto: Terje Eggum

EUROPEISK SAMARBEID: Fleire nasjonar kom saman då vintersymjarane i Nord-Europa møttes på årsmøte under VM i London i vinter 2008.
Foto: Terje Eggum

Sarah Jane Hails reiser til Slovenia 8. mai for å synfara VM-arenaen for vintersymjing i byen Bled i 2010.
Mariia Yrjö-Koskinen, president i den nystifta internasjonale organisasjonen, IWSA, og Sarah Jane Hails, som er styremedlem i same organisasjon, er inviterte av den slovenske arrangørorganisasjonen SI SPORT.

"Formålet er å inspisera arenaen framfor neste Vintersymje-VM", seier Sarah Jane Hails.
"Kva blir di oppgåve der nede?"
"Eg skal bistå IWSA-presidenten i vurderinga av arenatilhøva," seier ho, men legg til: "Det vil også vera interessant å henta heim inntrykk me kan gjera bruk av på vår heimlege arena med tanke på eventuelle VM-oppgåver nokre år fram i tid."

IWSA har gjort det kjent at organisasjonen er interessert i å vurdera Sogn som VM-arena i 2012. Sarah Jane Hails ynskjer å samla erfaringar med tanke på ei arrangøroppgåve fire år fram i tid. International Winter Swimming Association (IWSA) blei stifta i 2007 og heldt sitt første årsmøte under VM i London i vinter. Finske Mariia Yrjö-Koskinen, som har symt Sognefjord Challenge, er IWSAs første president. Det finske miljøet med Suomen Latu i spissen har mykje kompetanse på vintersymjing.