Fjordsymjarar trente crawl i Vik

CRAWLING: Glade crawlarar, frå venstre Marit Perny Vannes, Sarah Jane Hails, Olav Vikøren, Torbjørn Hasund, Turid Oppedal og Bernt Skogsrud.
Foto: Terje Eggum

INSTRUKTØR: Bernt Skogsrud, habil symjar, med god plassering i siste VM i vintersymjing i London, drilla fjordymjarar på crawl. I bakgrunnen Turid Oppedal.
Foto: Terje Eggum

I VATNET: Sarah Jane Hails smiler til fotografens Olympus 770 sw, garantert vasstett.
Foto: Terje Eggum

VIK: Fjordsymjarane har vore på crawlkurs i vikjene sin flotte symjehall.

Vik har Midtre Sogn sin trivelegaste symjehall. Det 12,5 meters bassenget eignar seg ypperleg for undervisning. Bernt Skogsrud, lærar og idrettsutøvar, tok fjordsymjarar frå Vik, Balestrand og Leikanger med på ein to timars basic crawl drill. Nordmenn flest har ingen sterk tradisjon på crawlsymjing. Men eit aukande fokus på fjordsymjing har gjeve fleire lyst til å læra crawl. Du kjem snøggare fram i vatnet, og det er moro. Det er truleg også ein meir eigna teknikk for langdistanse fjordsymjing, som Borlaug-Nokkaneset.

Bernt Skogsrud er ein god symjeinstruktør. Dei to timane gav i alle fall godt utbytte for tre kvinner og fire menn. Den same instruktøren er også ein habil aktør på kjøkkenet. Etter opphaldet i symjehallen venta grilla elgkjøt i Galilea.