Mariia og Sarah inspiserte VM-arenaen

FLOTT ARENA: Mariia Yrjö-Koskinen, leiar av IWSA, og dei to slovenske arrangørane frå SI Sport, Tim Farcnik og Borut Farcnik , på arenaen som skal vera VM-vertsskap for vintersymjinga i januar 2010.
Foto: Sarah Jane Hails

FEST PÅ BERGET: Sarah Jane Hails, leiar i Sogn fjordsymjeklubb, er også styremedlem i IWSA, bak henne ser me VM-arenaen og slottet som skal husa banketten.
Foto: Mariia Yrjö-Koskinen


LANG OG KALD: Dette kan bli den lange distansen i VM 2010. Det er 400 meter frå øya midt på biletet til land, VM-arenaen heilt til høgre.
Foto: Sarah Jane Hails

BLED: "Ein flott arena," seier Sarah Jane Hails, nyss attkomen frå Slovenia. Leiaren i Sogn fjordsymjeklubb har, saman med Mariia Yrjö-Koskinen, vore i byen Bled i Slovenia, der VM i vintersymjing skal skipast til i januar 2010.

Mariia og Sarah er president og styremedlem i IWSA, den internasjonale organisasjonen for vintersymjarar. "Bled er ein liten by, eller landsby, oppe i fjella i det nordlege Slovenia, staden har vintersporttradisjonar innan roing og kajakk," seier Sarah Jane Hails. Dei to frå IWSA er overtydde om at vintersymjarane kjem til ein godt eigna arena i 2010. "Det kunne vanskeleg ha vore betre," seier Sarah, og rapporterer om ein kompakt arena i kanten av ein koseleg innsjø.

Dette er ramma omkring tre dagar med symjemoro i kaldt vatn. Det var elles her Tito, det føderale Jugoslavia sin leiar i etterkrigstida, hadde sommarresidensen sin.

Kanskje reiser IWSA medlemer ned til Slovenia alt i desember dette året. Då skal Bled vera arena for verdas leiande skiskyttarar, mellom dei Anne Kristin Flatland frå Vik. "Planen er at me skal testa symjetilhøva der nede under vinterlege forhold," seier IWSA-styremedlemen.

VM i vintersymjing har tidlegare funne stad i finske Oulu (2006) og London (2008). Sogn fjordsymjeklubb har vore representert på båe VM-arenaene. Sarah Jane Hails trur det er mogleg å få 20 vintersymjarar frå Sogn til Bled i 2010.