Flott dag på Barsnesfjorden

Foto: Simone Stibbe

Foto: Simone Stibbe

Foto: Simone Stibbe

Den faglege kajakkturen på Barnesfjorden 7. juni var ein stor suksess for Sogn fjordsymjeklubb. Ikkje berre hadde vi vêret heilt og fullt på vår side, men vi fann til og med spor etter oter i fjorden. Og no er spørsmåla som står att etter ekspedisjonen: Kan oteren dykke djupare enn 10 m eller kjem rekene lenger opp enn 20 m?

Professor Torbjørn Dale fortalde dessutan mange spennande detaljar om livet i og rundt Barnesfjorden. At straummålingane ikkje funka som planlagt, er berre ein av fleire grunnar å reise ut på fjorden att.

Vi avslutta turen med grilling på den fine sandstranda i enden av Barnesfjorden. Dit fann fleire fjordentusiastar vegen, og det var ikkje mangel på moro og hugnad.