Suksess for Fridtjofs fjordstafett

BRIEFING: Under sokkelen til Fridtjof samlar alle aktørane seg for å drilla tryggleiksrutinane.

IDYLL: Terje Eggum kosesym på utsida av Feiostunnelen, Turid Oppedal fører symjaren trygt fram i kajakken sin. Den kvite prikken lenger framme er følgjebåten til Sønnøve og Ralph sitt lag.

VEKSLING: Bernt Skogsrud er klar for innsats på nytt, Sarah Jane Hails stig om bord i båten etter fullført etappe for laget sitt.

SOSIALT: Alltid like herleg å kosa seg med afterswim på Sognefjordens beste landside, Feios.

FEIOS: – Stafett er mobiliserande, seier Sarah Jane Hails, leiar av Sogn fjordsymjeklubb, og oppsummerer erfaringane frå fjordstafetten Vangsnes-Feios.

- Det fine med stafett er at det kan involvera mange lag og symjarar, seier klubbleiaren.

Sogn fjordsymjeklubb er stadig på leit etter nye øvelsar og nye arenaer. Laurdag, 12. juli 2008 stod Vangsnes-Feios for tur, eller Fridtjof Challenge.
Samlinga fann stad på Vangsnes, ved den gamle d/s-kaien. Her gjekk også starten kl.1400, Ralph Krüger og Christian Gjeraker i kvar sin kajakk, spurtande mot første veksling. Der stod Sønnøve Cirotzki og Bernt Skogsrud, dei innleia den første av fire symjeetappar. Bernt veksla med Katja Gesch, som veksla med Terje Eggum, som veksla med Sarah Jane Hails. På det andre laget symde Sønnøve dei to første, ved Kaldagjelet sende ho Ralph vidare, han symde dei to siste. Den andre kajakkfølge var Turid Oppedal

Ralph nådde Skulestrondi i Feios ei god stund før Bernt, som i mellomtida var ute i vatnet att for å fullføra for laget sitt. Ralph og Sønnøve gjorde unna sine symjeetappar, samt kajakkspurten på 1. etappe, på vel tre timar. Det andre laget, med symjarar på alle etappar, samt den innleiande kajakkspurten, kom inn tre kvarter seinare, såleis nesten fire timar etter starten.

Sogn fjordsymjeklubb hadde flaks med veret, som heldt seg varmt og fint heile laurdagen. Veret medverka til at symjeturen blei ein av dei finaste medlemene har hatt i Sognefjorden. Temperatur i vatn var mellom 16-18 grader. Det er eit flott fjordparti på sørsida, vel verdt å oppleva på nært hald. Sogn fjordsymjeklubb sine medlemer gjorde Skulestrondi til nattekvarter, dei tende på grillen og overnatta på staden til neste dag, då stod Vidasete Opp for tur.

Som vanleg stilte Leikanger Røde Kors Hjelpekorps mannsterkt på fjorden. Tryggleiken vart ytterlegare styrka av Sogndal Dykkarklubb sitt korps, som stilte med muskelsterk rib og fem veltrente menn. Endeleg var også Vik Røde Kors Hjelpekorps på plass, på landsida, dugandes koordinert av Peter Hage.

Til saman var 31 personar på arenaen for på dugnadsbasis gjennomføra Friftjof Challenge, folk medverka på land og på fjorden. Fridtjofspelet donerte tre billettar og dei heldige var Turid Oppedal, Jan Erik Bøyum og Johannes Thue.

Les meir frå Sogn Avis