Forfriskande i Arnafjorden

SPEGEL: Fjorden låg spegelblank og fin. Frå venstre: Sarah Jane Hails, Olav Vikøren, Terje Eggum og Bernt Skogsrud.

KULT: Ein nedkjølt og smilande Bernt Skogsrud. Heldigvis hadde Olav Vikøren med varm solbærtoddy.

Søndag 22.juni var Sogn fjordsymjeklubb på Rundøyri i Arnafjorden. I pøsande regnvêr trossa fem fjordsymjarar det bitande kalde vatnet på om lag 12 grader. Sarah Jane Hails, Terje Eggum og Bernt Skogsrud hadde derimot ikkje noko av det og fekk ei fin symjeøkt i fjorden. Dei to andre symjarane , Olav Vikøren og Bjarnhild Samland, heldt seg for det meste på land.

Etterpå køyrde alle inn til Vik der me avslutta med pizza og varm drikke på Dampen.

Arnafjorden er ein flott stad, og Sarah Jane Hails meiner at denne fjordarmen har eit stort potensiale for fjordsymjeaktivitetar.