Rekordmange utfordra haustkald Sognefjord

Fjordsymjesesongen blir offisielt avslutta under Fruktbare Dagar, frisk fjord og flytande eple er ramma for haustfestfinalen.
Foto: Lorraine Thompson

LEIKANGER: Fruktbare Dagar i Leikanger er ikkje berre landbasert moro. Tradisjonen tru, og takk til Sogn fjordsymjeklubb, blei bygdas haustfest avrunda med Skilpadda Challenge.

Ein symjetur i Sognefjorden, slik er haustfestens siste sprell. Sundag 5. oktober i år stilte femten barskingar på flytebryggja til Sognefjord Hotell. Utfordringa var, som før om åra, å koma på land att med eit eple med tannstikkar i. Og ekstra gjevt denne sundagen, ni av femten var tretten år og yngre.

Sommaren i Sogn har vore tidenes beste, og denne dagen var fjorden slett ikkje så verst, med sine elleve grader. Men det er ikkje berre plankekøyring å hoppa i slikt vatn, difor hatten av for dei sju jentene og åtte gutane som stupte i sjøen for å plukka eple.

Veret var prima heile helga. Det medverka til at mange kom for å sjå fjordsymjarane i aksjon, totalt 60 tilsjkodarar. Dei varma seg i haustsola med skilpaddesider frå Henjatuet. Frode Vagstad og Jan Ole Liljedal frå Syril kajakklubb sytte for at epla frå Stein Harald Hjeltnes gjekk i fjorden, dei to fylgde med det heile frå kajakkane sine. I Sogn fjordsymjeklubbs regi var Svein Røysum og Marit Fjøsne, forutan Sarah Jane Hails, ansvarlege for å avvikla Skilpadda Challenge 2008.

Dei attraktive epla, med det rette innhaldet, blei plukka opp av Ingebjørg Njøs Slinde (13 år), Håvard Hove (13 år), Øyvind Vagstad (13 år), Eirik Husabø (10 år) og Beate Vangsnes (10 år).

Etter å ha krabba på land bar det rett i bassenget/bastua til Sognefjord Hotell, for å varme seg, i tråd med Sogn fjordsymjeklubb sine beste rutinar.

Tørre og varme møttest alle til quiz og samrøre over rjomegraut og spekemat i hotellet si peisestove. Til stades var også Sønnøve Cirotzki, langdistansesymjaren som i 2006 blei tredje nordmann til å kryssa Den engelske kanalen, og som denne dagen vann fjordquizen.

En vellykket avslutning på ei hendingsrik fjordsymjesesong.

Deltakarar i Skilpadde Challenge 2008:

  • Sønnøve Cirotzki 35 år
  • Jonas Lidal 13 år
  • Terje Espedal 30 år
  • Øyvind Vagstad 13 år
  • Egil Johannes Vangsnes 48 år
  • Kjartan Hove 48 år
  • Håvard Hove 13 år
  • Unni Hove 11 år
  • Terje Eggum 56 år
  • Eirik Husabø 10 år
  • Kristin Moldvær 10 år
  • Ingebjørg Njøs Slinde 13 år
  • Kristi Vangsnes 8 år
  • Sarah Jane Hails 37 år