"Årets fjordelskar 2008" til Sognefjord Hotell

Sogn fjordsymjeklubb sin Fjordelskar-pris vart delt ut for andre gong torsdag 11. desember. Sognefjord Hotell, representert ved Jack og Siv Eggum vart kåra til "Årets fjordelskar 2008".

Juryen si grunngjeving er slik: "Sommer som vinter har hotellet støtta aktivitetane til Sogn fjordsymjeklubb. For fjordsymjemiljøet stiller dei til rådvelde hotellet sine garderobar, badstuefasilitetar og møterom. Hotellet har også tilrettelagt utearealet sitt til fjordaktiviteter, som Sognefjord Swim Festival. Siv og Jack Eggum har også medverka til å gje ålmenta tilgang til ei naturperle som Nokkaneset, ein attraktiv til port til fjorden for alle som er glade i fjordbaserte syslar."

Årets fjordelskar vert kåra for framifrå innsats i arbeidet med Sognefjord Swim Festival og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn med fokus på samarbeid, nyskaping, tryggleik og miljø.

Dei andre nominerte var Leikanger Røde Kors Hjelpekorps, Sogndal dykkarklubb og Feios bygdelag. "Dei er all lag som har bistått Sogn fjordsymjeklubb gjennom åra, ikkje minst gjennom symjefestivalen. Dugnadsinnsats og fellesskap er nøkkelen her, Sogn fjordsymjeklubb er takksame for å kunne trekkja på slikt samarbeid. Sammen løfter me kunnskapen om fjorden, samstundes medverkar me til å visa at fjorden kan brukast aktivt på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte," sa styreleiar Sarah Jane Hails under prisutdelinga i Leikanger torsdag kveld.